Om meg

 

Hei og velkommen hit!

Mitt navn er Edith Birgitte Ludvigsen Sveinsvoll. Eg er sunnmøring men har budd på Jæren dei siste femten åra. Eg er førtifire år, gift og mamma til to herlege barn på fem og to år. Eg brenn for å dyrke og foredle mat, lære nye ting og å ta vare på meg sjølv og andre. Og så elsker eg å gå på fjellet.

Til sommaren blir eg EQ-terapeut, og då vil eg starte med å tilby terapi både på nett, over telefon og ellers der det måtte passe for deg.

Eg kan gi eit begrensa antal gratis terapiar fram til sommaren. Eg er også tilgjengelig for deg som berre treng nokon å ventilere til.
Ta kontakt om du er interessert i å få terapi av meg!

Heng med meg her for å lære meir om eigenomsorg, eigenkjærleik, og korleis du enkelt kan fylle på din eigen kopp før du fyller opp for andre. Her vil du finne små og store oppdagelser, som kan gjere det enklare for deg å ta bedre vare på deg sjølv. Følg gjerne nyhetsbrevet mitt, så går du ikkje glipp av noko.


Eg møter stadig mødre som gir alt dei har til dei rundt seg

Til mannen, barna, på jobb, til foreldre og øvrig familie, til idrettslag og foreldreutval, til venninner og til tilfeldige folk dei møter på butikken eller på Internett. Eg veit korleis dei har det. Eg har vore akkurat sånn sjølv. Eg er det til dels enda.. Berre sjå på meg, her er eg og prøver å hjelpe folk igjen.

Dei fleste av oss kvinner som vaks opp på 80- og 90-talet og tidlegare, er oppdratt til å ofre oss for andre. Vise hensyn, ikkje ta plass og vere flinke piker. Det er forventa av oss frå vi er ganske små, og vi har det i oss, dette omsorgsgenet. Vi er skapt sånn frå naturen, vi skal ta oss av dei rundt oss. Men kven tek vare på oss? Og må det vere sånn at vi brenn oss heilt ut i prosessen?

Nei, det må ikkje det. Det går ikkje. Vi kan ikkje fortsette å ofre vår eiga helse for alle rundt oss.
Det er berre ikkje berekraftig.

Vi kan ikkje oppdra ungar som om vi ikkje jobbar og jobbe som om vi ikkje har barn på samme tid.

Ikkje utan å miste oss sjølv.

 

Eg vil ikkje ha det sånn. Eg vil ikkje at du skal ha det sånn.

Mange bekker små, gjør en stor å

Ved å stjele litt tid frå familien, litt frå jobben og masse (!) tid frå mobilen, så får du til saman nok tid til å ta vare på deg og vekke ditt velbehag.

Viss du er stressa, ta deg fem minutt kvar dag til å sjå på natur. 
Viss du ikkje har tid til det, ta deg ein time kvar dag til å sjå på natur.

“Eg liker at eg kan skru ned forventnigar og sku opp forhåpningane.”

Cecilie Solli

          

Få ekte pauser rett i innboksen!

Gi deg sjølv og dei rundt deg ein bedre, meir utkvilt og meir fornøyd versjon av deg. Fyll ut skjemaet under, og du kan gjere livet ditt fleire hakk bedre om berre få minutt.

Eg sender ikkje søppelpost. Du kan avslutte abonnementet når som helst.