ER DU KLAR FOR Å
MØTE DITT INDRE BARN
I EQ-TERAPI?
Sjå for deg eit liv utan så mykje uro, stress og bekymringer.
Sjå for deg livet ditt utan dei vonde klumpane og knutane i magen. Trykket i brystet har letta. Kloa rundt nakken eller om hjertet har sluppe taket.
Dette er mulig viss du våger å gå inn i følelsane du så lenge har prøvd å unngå. Det er mulig viss du våger å møte barnet du ein gong var.
Eg guider deg gjennom følelsar, held deg i sorgen, beskytter deg i frykten og støtter deg i sinnet ditt.
Du kjem ut på andre sida som ein tryggare vaksen, som tør det du VIL. Som klarer å vere den du VIL vere. I møte med deg sjølv og med andre.
EQ-terapipakke - finn den som passer deg best:
(MERK at alle som abonnerer på Omsorgsposten får 20 % avslag på alle EQ-terapipakkane fram til 6.6.2026)
KORT
EQ-terapipakke
Intensivt forløp
3 terapiar à 90 minutt over 4 veker
Før- og etter-samtalar (2x30 min)
Investering: kr. 8.250
Med rabatt: kr. 6.600
Kan inngå i Middels og Lang EQ-terapipakke utan ekstra kost
Denne pakken er i utgangspunktet ein begynnelse, eller arbeid i overflata av det som plager deg mest her og no.
Likevel opplever mange at dei kjem djupt nok med 3 EQ-terapiar. Og eg ser at den korte terapipakken gir ein kick-start mot eit nytt, meir autentusk og emosjonelt sterkare deg. Formålet med Kort EQ-terapipakke er at du skal få kjenne på følelsen av at der finst eit håp for deg òg. Vi skal løfte deg ut av det aller vanskeligste. Fordi du fortjener det.
I Kort EQ-terapipakken får du jobba med det som ligg og lurer på overflata, det som plager deg aller mest her og no. Sannsynlegvis handler det som plager deg i dag om noko du opplevde som barn.
Enten i form av enkelthendelser som var traumatiske, fordi ingen fulgte opp deg og følelseskaoset ditt i etterkant.
Eller fordi du generelt ikkje blei fulgt opp emosjonelt. Typisk at du fekk høyre ting som "men dette er jo ingenting å grine av" og "gå på rommet ditt og ikkje kom ut igjen før du har blitt snill igjen".
Slike avvisninger frå våre omsorgspersonar gjer noko med oss. Noko vondt og langvarig. Vi lærer å avvise oss sjølv.
I EQ-terapi jobbar vi med akkurat dette. Vi møter desse små avviste barna, og gir dei den kjærleiken og omsorgen dei fortjente den gongen, slik at du tør å tillate deg å ta litt meir plass i deg sjølv, utan å samtidig få vondt i magen.
BESTILL KORT EQ-TERAPIPAKKE HER
MIDDELS
EQ-terapipakke
Middels langt forløp
8 terapiar à 90 minutt over 12 veker
Før- og etter-samtalar (2x45 min)
Samtalar kvar veke (12x20 min)
Investering: kr. 26.500
Med rabatt: kr. 21.000
Kan inngå i Lang pakke utan ekstra kost
I denne pakken får du noko meir, noko ekstra, samanlikna med Kort pakke. Ein fortsettelse, if you will.
Eit større steg mot den versjonen av deg som du VIL vere. Dette er eit forløp kor du får fylt opp deg sjølv - og kjenner på at du har vokst
Eg vil at du skal kjenne at du har vokst, etter at denne pakken er fullført. Du skal ha vikla deg ut av alt det tyngste av det du har bore på, så alt for lenge. Etter Middels EQ-terapipakke målet at du skal vere fylt opp av håp, fordi du har fått jobba av deg den tunge bagasjen du har fått frå du var barn.
Vi skal jobbe med å bli bearbeide skammen, frykten og sorgen, kanskje gi den tilbake til dei som gav den til deg. Kanskje vil du heller begrave den, kaste den i kloakken, eller sende den avgårde så Universet kan ta seg av det.
Du skal bli så fylt av håp at du kan klare alt du vil klare. Etter desse vekene med meg, skal du føle kor verdifull du er. Og du skal føle deg så verdifull at du våger å velge å ivareta deg sjølv og vere den du VIL vere.
BESTILL MIDDELS EQ-TERAPIPAKKE HER
LANG
EQ-terapipakke
Nært, djuptgåande forløp
14 terapiar à 90 minutt over 26 veker
Før- og etter-samtalar (2x60 min)
Samtale kvar veke (26x20 min)
Samtalar på DM/e-post kvar dag (timevis!)
Investering: kr. 62.250
Med rabatt: kr. 49.800
Den Lange EQ-terapipakken skal gjere deg heil. Komplett. Autentisk. Du skal kunne fylle heile deg utan å kjenne på verken skam, frykt eller tristhet.
Etter fullført Lang EQ-terapipakke er målet at du skal finne aksept for heile deg. Omsorg for heile deg. Og ikkje minst ubetinga kjærleik for heile deg. At du skal klare å elske deg sjølv på godt og vondt. Med alle feil og manglar, med alt du er, har vore og vil bli i framtida.
Du skal fylle deg sjølv opp frå fotsåle til isse, og aller helst enda lenger opp! Med 14 EQ-terapiar får du jobba med både knutane og klumpeane som ligg i magen, skammen i hoftene, kloa i nakken, trykket i brystet, kriblinga i armane, og meir til. Ein full gjennomgang av kroppens vondter og andre følelsar som banker på og vil at du skal sjå dei.
Slik at du får laga plass til GLEDE, LIV, VILJE og LYST! Slik at du kan gå frå å såvidt overleve til å virkelig LEVE dette livet du har fått.
Så mange har hatt behov for å undertrykke deg, avvise deg og gjere deg mindre enn du er, for å gjere seg sjølv større. Etter Lang EQ-terapipakke vil du forstå med heile deg at du fortjente bedre, og at du kan ta livet ditt tilbake.
Bli fri med heile deg - og bli den blomen du skulle vere!
Generasjonstraumene kan stoppe hos deg. Slik at gleda kan starte i deg 🩷
SØK OM LANG EQ-TERAPIPAKKE HER
Lurer du på kva folk som har fått EQ-terapi av meg seier? Les tilbakemeldinger frå eit lite utvalg under her:
“Jeg hadde ikke prøvd EQ-terapi før, visste vel ikke helt hva jeg gikk til heller. Men Edith guidet meg trygt, og før jeg visste ordet av det kom jeg dypt ned til noen gamle etablerte sannheter, som direkte blokkerte min kreative flyt.”
- Renate Steen-Johansen, Det spirituelle skapet
“Å lande i fanget på en trygg voksen. Slik er følelsen av å bli holdt av Edith i online EQ-terapi. Jeg blir vist hvordan det ser ut gjennom øynene til en bestemt og trygg voksen. Hun personifiserer hvordan motet mitt kan se ut, og blir et fyrtårn jeg kan kan strekke meg mot i mitt indre mørke.”
- Eivina Sørensen, tvillingmamma
“Eg har vore så heldig å få oppleve EQ-terapi med Edith, og kan anbefale det på det sterkaste. Med klokskap, kunnskap og medkjensle skapte ho eit trygt rom for meg, sånn at eg fekk fylle ryggsekken min med det som gir meg glede. Takk!”
- Stina Lillevik, tenåringsmamma
“Etter å ha gått i EQ-terapi hos Edith, har eg styrka mitt forhold til kven eg er. Eg let meg ikkje lenger påverka av andre folk sine tankar, meiningar og følelsar om kven eg er/skal vera.”
- Trebarnsmor, 36 år
At du skal "yte før du kan nyte" er den største oksebæsjen eg har høyrt.
Og du tenker kanskje at det er ungane som er aller viktigst? Eller at det er jobben eller kanskje partneren din som skal ha høgaste prioritet? Dei er viktige, det er ikkje det.
Men du er den viktigste i ungane dine sitt liv, i stillinga di, og for kjæresten. Og du klarer verken å vere deg sjølv eller ta vare på dei på ein god måte, når du ikkje prioriterer omsorg til deg sjølv.
Er du ei av dei som forlatt deg sjølv så lenge at du ikkje lenger husker kven du var den tida du hadde overskudd og energi til å vere den du ville vere?
Då treng du å ta minst like godt vare på deg sjølv som dei rundt deg.
Men dei færraste av oss har lært korleis vi skal gjere dette,
og det er derfor eg er her. I Omsorgsposten får du bekreftelse på at du gjer så godt du kan, du får lære at du ikkje har hatt noko anna valg. Og du får masse omsorg og ubetinga kjærleik til innboksen din. Fordi du fortjener det. Og fordi dei rundt deg fortjener deg på ditt høgaste og mest utkvilte.
Eg fasiliterer livsendrande møter mellom mennesker og deira indre barn.
Eg bruker min sterke og presise intuisjon og min kraftfulle omsorg (hallo krepsen i ascendanten), i tillegg til EQ-metoden. Eg er den einaste EQ-terapeuten i Noreg som tilbyr terapipakkar med så nær og personleg oppfølging i tillegg til sjølve EQ-terapiane.
Er du ei av dei som jobber hardt med å døyve dei vonde og ubehagelige følelsane dine? For eksempel med overspising, å sei ja til alt, jobbe alt for mykje, isbade, sjå på serier, stimulere vagusnerven og sette deg fast i evig scrolling?
Eg er her for å fortelle deg at du kan velge å møte følelsane dine og jobbe deg gjennom det som skjedde då følelsane oppstod ilag med meg! Sånn at du kan sette deg sjølv fri frå alle dei trange rammer du har blitt påført gjennom livet!
Få Omsorgsposten🩷
Fyll ut skjema så sender eg varme klemmar
direkte til innboksen din!
Eg sender ikkje søppelpost. Du kan avslutte abonnementet når som helst, og det er gratis å abonnere.