søsterskapet
digitalt fellesskap med live-møter kvar veke og privat chat i Telegram for ambisiøse mødre som treng ein gjeng:
les meir og meld deg på hersøsterskapet stenger om:
00
DAYS
00
HOURS
00
MINS
00
SECS
Workshop: Enkel eigenomsorg
Stad: LivsDesign sine lokaler i Langgata 55, i Sandnes
Tid: søndag 18. oktober, kl 12-15
Inkluderer varm og kald drikke og alt utstyr du treng. Ta gjerne med notatbok og penn og ein venn eller to.
Trykk på knappen for å lese meir og bestille din billet:
Bli med på workshopDu er her fordi du er klar for å ta deg sjølv på alvor.
Hei, eg er terapeut Edith Birgitte Ludvigsen.
Varmt velkommen skal du vere her hos meg!
Eg er for deg som treng ein omsorgsfull og empatisk terapeut som tilbyr emosjonsbasert somatisk traumebearbeiding. Eg hjelper deg å døyve gamle sannheter og bygge dei om til nye fundament i livet ditt. Så du kan stå stødig i alle dine følelsar, relasjonar og meininger.
Er du redd for å overføre dine gamle sår til ungen din, så kan eg hjelpe.
Knyt kroppen seg av skam og skrekk når du prøver å sei høgt kva du meiner og føler, så kan eg hjelpe.
Føler du deg sur og irritabel utan å forstå kva det er som foregår, så kan eg hjelpe.
Trykk på knappen og bestill ein terapi, så får vi sett på kva det er som står i vegen for at du klarer å ta deg sjølv på alvor.
Treng du meir enn ein enkel terapi?
Eg tilbyr pakkepris på 5 terapiar, à 90 minutt, til 20% av full kost.
I tillegg tilbyr eg EQ Vekst. 12 veker med samtaler og terapiar. For deg som har meir bagasje og treng hjelp til å fungere som mor, leder, omsorgsgiver, partner, kvinne, menneske.
Les mitt nyhetsbrev!
I nyhetsbrevet Omsorgsposten skriv eg om livet med barn for deg som hadde ein vanskeleg barndommen, korleis terapi kan gjere livet og relasjonane dine enklare og korleis du fyller din eigen kopp før du skjenker andre - utan å føle deg egoistisk.
TIL OMSORGSPOSTENTa kontroll over gråten
Eg har laga ei speleliste med sorgfylte, sterke og emosjonelle låtar, til bruk for å unngå å miste kontrollen framfor feil folk. Går du med ein klump i halsen, er den der av ein grunn. Den vil fortelle deg noko. Gråt er flytande bearbeiding og kontakt med følelsane - spesielt dei som sit fast i kroppen.
TIL GRINE-LISTA
Sovnekoden
Treng du hjelp med å sovne? Blir du liggende mange lange timar i senga med tankekjør, utan å finne ro, eller har du kanskje nokon i huset som vekker deg i tide og utide? Med Sovnekoden får du tre teknikkar som hjelper sjølv utmatta småbarnsmødre å sovne utan distraksjonar, medisinar eller andre hjelpemiddel.
TIL SOVNEKODEN
Når ditt indre barn er rolig, blir du rolig
I terapi hos meg får du møte ditt indre barn, og gi ho det ho treng for å kunne stole på at du er ein trygg voksen som har kontroll. Du får vise ho at det skumle er over, og fortelle ho kor fantastisk, smart og morsom du syns ho er. Og du får stå opp for ho, mot dei som gjorde ho vondt.
Du får bygge eit heilt nytt fundament som du kan stå støtt på, i møte med utfordringane du møter som voksen.
Det er ikkje "berre" å styre tankane over på noko anna når du er så stressa at du ikkje husker om du har pussa tennene eller ikkje.
La oss avskaffe "berre"-kulturen først som sist!
Det er ikkje "berre" å slutte å bry deg om kva andre folk tenker, føler og meiner om deg.
Ikkje når du lever med traumer. Dei overstyrer dei fornuftige tankane dine. Tenking kan ikkje styre klumpen du får i magen når nokon blir sure på deg.
Ikkje før du har bearbeida opplevelsen der klumpen blei til.
Og veit du kva den klumpen gjer med deg? Den gjer deg redd, at du skammar deg, at du held inn sinnet ditt. Når du får følt på følelsane som bor i klumpen, og bearbeida det som skjedde då den kom til deg, vil den bli mindre og mindre etterkvart. Mindre synleg, mindre forstyrrande.
Det beste er det du får plass til der klumpen var: GLEDE og LYST!
Eg vil bearbeide!